Endeleg får Roy Helge Hank Furuly Andersen klede å jobbe i. Han purra i to år utan hell. Ein dag etter at Bygdebladet tipsa kommuneleiinga, var problemet fiksa. 
Foto: Mona Terjesen
Noko av det Einar og Veronika synst er kjekkast med denne sporten, er at også ungane kan vere med. Og dei liker det alle saman.

Samlar inn pengar til kreftsjuke Marius

Heile distriktet har slått ring om kreftsjuke Marius Søvik frå Grinde. Neste veke er 19-åringen friskmeldt etter eitt år med tøff behandling, og kan endeleg byrje å leve igjen.

Av Mona Terjesen

Det heile byrja med ei venninneside på facebook. Klubbgjengen til Monica Aasbø Søvik ønskja å samle inn litt pengar til den kreftramma guten hennar Marius, og starta ei støttegruppe på nettet. Så tok det heilt av. No har fleire bedrifter donert pengar og 13. september blir det arrangert eit Bmx-sykkelshow i Steinparken i Haugesund til ære for den Bmx-interesserte 19-åringen.
– Me er heilt overvelda og så utruleg takksame. Folk er så snille og gode. Me ønskjer å takke alle, seier mamma Monica.

Les heile historia i papiravisa