Kristian Storesund og Stegaberg tar i mot Haugaland i kveld. Kampstart klokka 18.45. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Kristian Storesund er tilbake i Stegaberg

Stega-kampen flytta

I kveld møtast Stegaberg og Haugaland til ein svært viktig kamp på Frakkagjerd. Heimelaget kjempar om 2. plassen som kan gi opprykk til 4. divisjon. Kampen skulle starte klokka 18.00, men er flytta til 18.45.

– Eg kan stadfeste at det er ny kampstart for kampen Stegaberg – Haugaland. I utgangspunktet skulle den faktisk ha starta klokka 19. Men på grunn av haustmørke ville me flytte den til 18. Dessverre har me ikkje klart det og då gjer me eit forsøk på å komme i gang klokka 18.45. Håper at svært mange tar turen til Frakkagjerd i kveld og skaper god stemning i denne viktige kampen, seier dagleg leiar i Stegaberg, Aud Irene Eikemo.
Haugaland ligg sist i 5. divisjon og det vil vere in skikkeleg skrell om ikkje Stegaberg vinn denne kampen.