Bokn-ordførar Kyrre Lindanger ønskjer ikkje å bli slått saman med verken Tysvær eller andre kommunar på Haugalandet. 
Foto: Mona Terjesen
Bokn-ordførar Kyrre Lindanger ønskjer ikkje å bli slått saman med verken Tysvær eller andre kommunar på Haugalandet.

Vil ikkje bli slått saman med Tysvær

– No må Tysvær-politikarane fane flagg og våge å seie kva dei meiner. Ei kommunesamanslåing, betyr slutten på påverknad og lokaldemokrati, meiner Bokn-ordførar Kyrre Lindanger.

Av Mona Terjesen
I 2006 blei det laga ei stor og grundig utgreiing som omhandla kommunesamanslåing mellom Tysvær og Bokn. Heile 78 prosent av innbyggarane i Bokn svara at dei ønskjer å forbli eigen kommune. Å bli ein del av ein storkommune som kanskje inkluderer Haugesund, Karmøy og Sveio – i tillegg til Tysvær, er like lite freistande for boknarane og ordførar Kyrre Lindanger (Ap).
– Dette er ikkje ein stor sak for oss no. Me jobbar med ting som Rogfast og ein fleirbrukshall i Føresvik. Det er slike ting eg ønskjer å bruke tida og kreftene mine på. Ikkje slike destruktive ting som å ta livet av kommunen vår, seier Lindanger då me besøker han på Bokn kommunehus måndag formiddag.
Ordføraren i kommunen med rundt 870 innbyggarar fastslår at han ikkje kjem til å løfte ein finger at regjeringa skal få gjennomført reforma si.
– Kommunane må spørje seg om dei klarer å levere gode tenester på eigenhand. Me klarer oss bra, i 2011 blei me kåra til den fjerdebeste kommunen i heile Noreg når det kjem til økonomisk drift. Me driv etter handlingsregelen, alle stillingar er bemanna og folk i Bokn er nøgde. Me tenker heile tida bevisst korleis me kan spare pengar. Eit eksempel er då me nyleg trengte to bommar til å sperre av ein gangveg ved barnehagen, to nye ville kosta oss 12.000 kroner. I staden for å bruke dei pengane, fann me ein gammal me hadde liggande og den andre snikra vaktmeisteren sjølv, fortel Bokn-ordføraren.

Les heile saka i papiravisa

Les også: https://tysver-bygdeblad.no/2014/09/04/om-gape/