Eit frykteleg dilemma

Langt bak og litt nede på ei side i dagens papiravis er det ein sak om eit lokalt byggefirma som rett og slett må sende unge familiar, som vil til Tysvær, over grensa til Haugesund.

Sikkert fint nok i Skåredalen, men det må vere eit frykteleg dilemma for Tysvær kommune å måtte innsjå at det ikkje er nok ledige tomter og bustadar i den vekstkommunen me likar å tru me er.
For sjølv om det framleis er muleg å finne ei aller anna tomt, så er det eit teikn at ein del av dei ungdommane som ville heim etter enda utdanning, må snu i døra og søkje lukka i nabokommunen.
Men det er ikkje lett, ingen skal komme og påstå det. For mange av dei som nå snur i døra hos byggefirma, skuffa over kva ein har å tilby, stiller krav. Tøffe krav. Dei vil bu i ytre del av kommunen, nær både skular og butikkar. Dei har inga trong for store hagar eller tomter på fleire mål. Dei kan faktisk bu nær naboen og dei likar at kollektivtransport er hyppig og tilrettelagt. Mange av dei har ikkje tolmod til å vente på Skeiseid eller andre store prosjekt. Dei vil handle nå.
Tysvær kommune har dei siste åra gjort solide grep for å møte denne marknaden. Utbyggingane på Frakkagjerd, i Førre og på Garhaug har vore store i Tysvær-målestokk. Dei har klart å ta toppane. Men dei er samstundes på etterskott. Dei klarer ikkje å halde oppe eit tilbod som strekk seg over tid. På rådhuset blir det jobba med å finne nye alternativ, finne dei små prosjekta som kan fortette og dermed komme raskt i gang utan dei store reguleringsplanane. Det er eit viktig arbeid som me oppfordrar sterkt til at dei held fram med. Me var denne veka på besøk hos rådgjevar Arvid Seldal på rådhuset. Hans jobb er å ha fokus på utbygging og eigedom, ein jobb han virke svært så skikka til. Han har stor erfaring frå både Sandnes og Karmøy. Han skjønar kor skoen trykkar og korleis ein må gå fram. Rundt seg har han medarbeidarar som tenkjer likt. Men han nemner eit viktig poeng. Det må vere politisk vilje til å halde fram på denne måten. Det må vere ei satsing parallelt med dei store planane i Aksdal, på Skeiseid og i søre-Tysvær. Alt kan ikkje stå og falle på dei. Samstundes må ein leggje press for å komme fram til løysingar slik at private felt i Skjoldastraumen og på Padlane kjem i gang.
For veksten og trykket mot Tysvær vil komme, stadig sterkare. Krava til kva type bustadar, og tomter som blir lagt ut for sal vil endre seg. Slik me ser det i september 2014 så må dette vere eit samspel mellom lokalpolitikarane, dei tilsette i teknisk og byggefirma som skal utvikle og eventuelt selje det som skal vere den framtidige tysværbuen sine heimar. Det er eit uttrykk som heiter at saman er me sterke. Her er ein gyllen mulegheit til å teste ut nettopp det.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør