Nokre av dei lokale tilsette som har komme til siste året: Frå venstre er Gjermund Waage, Øystein Nilsen, Svein Tore Jensen, Stian Hoen, Sissel Bådsvik og Claudio Saavedra. Bak står Jan Wiggo Øfelt, Ole Helvik og Ellen Kvinnesland. Det er også ein del polske arbeidarar på prosjektet, gjennom søsterselskapet til Kaefer, «Global Work».
Nokre av dei lokale tilsette som har komme til siste året: Frå venstre er Gjermund Waage, Øystein Nilsen, Svein Tore Jensen, Stian Hoen, Sissel Bådsvik og Claudio Saavedra. Bak står Jan Wiggo Øfelt, Ole Helvik og Ellen Kvinnesland. Det er også ein del polske arbeidarar på prosjektet, gjennom søsterselskapet til Kaefer, «Global Work».

Feira 30-årsdagen i Italia

For 30 år sidan starta faren hans John Nymark daglegvarebutikken Bravo i Aksdal Senter. For å feire det store jubileet, spanderte son og butikkarvtakar Birge Nymark Italia-tur på sine Meny-tilsette førre veke.

Av Mona Terjesen

– Me gler oss veldig til å oppleve Italia. Dei har meldt regn der nede, men det gjer ingenting. Me har tatt med oss paraplyar, fortel Margareth Bokneberg og Irene Jamne smilande.
Dei to Meny-damene reiste fredag førre veke til Montecatini i Italia med eit reisefølgje på 37. Birge Nymark tok nemleg på seg spanderbuksene og tok sine fast tilsette med på tur frå fredag til måndag. Sine betre halvdelar hadde dei også med seg.
– Me ser fram til dette. Det skal bli herleg med ein slik tur. Laurdagen skal me til Firenze. Der skal me samlast, ete og kose oss saman, men så får alle fri til å gjere det dei vil. Me skal berre slappe av og kose oss, seier Birge Nymark då me treff reisefølgje på Helganes før avgang.

«Senterfedrane»
Det er altså nå heile 30 år sidan Aksdal Senter såg dagens lys. 22. november 1984 stod dåverande ordførar Borghild Yrkje for den offisielle opninga. Det var særleg to menn som var årsaka til at Tysvær fekk sitt eige senter, kjøpmann John Nymark som starta daglegvarebutikk, og dåverande banksjef i SR-bank Torbjørn Sletten.
– Utan Sletten sine planar, iver og tru på at eit senter for handel og private tenester i Aksdal hadde livets rett, er det tvilsamt at det hadde blitt noko av. Finansieringsmessig var det også nødvendig for utbyggarane å ha ein positiv bank i ryggen. Ein stor og attraktiv daglegvarehandel var også avgjerande for senterplanane, seier senterleiar Reidar Nordmark.

Les heile saka i papirutgåva