Thormod Ness viste ingen nåde mot Jørgen Belt sist veke. I kveld er Ness garantert «på lag» med Belt og Leirvik som slo Ølen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Thormod Ness viste ingen nåde mot Jørgen Belt sist veke. I kveld er Ness garantert «på lag» med Belt og Leirvik som slo Ølen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ness fekk hjelpa han ville ha

Etter at Stegaberg hadde banka Leirvik 7-0 for ei veke sidan spøka Stegaberg-trenar Thormod Ness med Leirvik-trenar Jørgen Belt om at dei måtte slå Ølen. Det har dei gjort med 3-1. Det er gode nyhende for Stegaberg.

Ølen tok leiinga på Stord og brant ein straffe. Men etter kvart snudde heimelaget kampen. 1-1 blei til både 2-1 og 3-1. Tidlegare Ølen-spelar Espen Vaka skåra eit av måla.
Dermed kan Stegaberg feste eit visst grep om Ølen om dei slår Vats 94 i morgon på kunstgraset på Frakkagjerd.