Laurdag opnar Tysvær Kunstlag ei utstilling med bilete av Etne-kunstnaren Jan Terje Rafdal.
Laurdag opnar Tysvær Kunstlag ei utstilling med bilete av Etne-kunstnaren Jan Terje Rafdal.

Rafdal stiller ut i Tysværtunet

Haust er galleritid også i Tysvær. Laurdag opnar Tysvær Kunstlag ei utstilling med bilete av Etne-kunstnaren Jan Terje Rafdal.

– Han har laga bilete med inspirasjon både frå fjella i Etne, men også andre stedar. I mai i år hadde han ei utstilling på Allmenningen i Bergen med sine fjellbilete. Han er ein kjent kunstnar i distriktet som bor og arbeider i Etne. Han har hatt mange separatutstillingar fleire steder i Noreg, seier leiar i kunstlaget Bente Vesterøy.
Utstillinga står fram til 19. oktober.