Harald Stakkestad er foreslått til fylkestinget av Høgre. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Harald Stakkestad er foreslått til fylkestinget av Høgre. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Går for Stakkestad på fylkestinget

Tysvær ordførar Harald Stakkestad er ein av dei Høgre vil ha på det neste fylkestinget. Nå er Sissel Hansen Tysse Tysvær sin representant. Ho ser for deg meir lokalpolitisk arbeid.

Det blei kjent i dag då Høgre i Rogaland offentlegjorde si liste. I morgon skal lokalpartiet gjere sitt vedtak.
– Eg har sagt ja til å stille på lista, seier Harald Stakkestad.
– Eg har sagt at eg vil bruke meir tid på lokalpolitikken. Mellom anna i programmet med å få fleire kvinner inn i politikken, seier Sissel Hansen Tysse.
Det er ingen dramatikk i dette sceneskifte melder Høgre- det var eit møte mellom Stakkestad, Hansen Tysse og gruppeleiar Ola Apeland denne veka, kor ein kom fram til denne løysinga.

Tysvær Bygdeblad har ein lengre reportasje i avisa 9. oktober om korleis Harald Stakkestad ser på det politiske livet sitt etter perioden som ordførar.