Bjørn Apeland viser at fabrikken i Vietnam nå er plassert på kartet. Snart ventar både Australia, Panama og Canada.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Bjørn Apeland har vært rundt om i verden med sine selskap. Nå flytter han i følge Dagens Næringsliv til Sveits. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Kor i all verden skal dette ende?

Steinsvik Group kjøper seg opp, utviklar nye moderne produkt og etablerer seg både i Australia, Panama og i Canada.

Kvardagen har lenge vore travel for direktør Bjørn M. Apeland. Frå sitt kontor på Frakkagjerd blir det stadig fleire telefonar med utanlandske nummer som dukkar opp på skjermen. Det handlar ofte om oppdrettsanlegg, flexibridger og nye kontaktar. Etter opninga av den nye fabrikken i Vietnam skal nye land og verdsdelar nå erobrast.
– Under fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim nyleg kunne me presentere ein ny generasjon av våre FlexiBrigde, nye modellar kor det er lagt vekt på ergometri og brukarvennlege løysingar. Det er eit stort fokus på HMS og tryggleik og det er kjekt å sjå at me klarer å tilfredstille dei mange og strenge krava som er. Både reiarane og verfta tenkjer langt fram i tid og dei vil gi mannskapa eit moderne og funksjonelt arbeidsmiljø, seier Apeland.
Lokalt
Me treng ikkje reise langt for å sjå kva verksemda har vidareutvikla dei siste åra. Ein kort spasertur over tunet og me står i den nye og store verkstaden kor bit for bit blir produsert og montert saman.
– Dette er produkt me er stolte over og som i all hovudsak blir produsert her lokalt. Dei nye brupultane har også fått ei solid forbetring på det me kallar kabelføring. Det gjer at det er enklare å montere og installere det som skal til. Det som ein ser her er sjølve skallet. Me leverer også stolane som mannskapet sit i på brua, seier direktøren.

Les meir i vår næringsdel denne veka.