– Kjekt å spele spiss når me har tempo i ballen og spelar langs bakken. Eg såg keeper kom ut og høgrehjørnet hans var opent. Var ein herleg skåring, seier Hettervik om 2-0-målet.
I 2. omgang henta AIL nesten igjen leiinga, men var aldri nærare enn 3-2. Dei klarte ikkje å halde trykket oppe og heimelaget var i ferd med å spasere inn til ein flott siger. Spesielt kjekt var det då Brian Risanger kom inn og sette 4-2 på eit av sine første spark på ballen.
Men så gjekk det i svart. Først fekk Morten Bådsvik sitt andre gule etter først ha blitt sparket ned, for så å ta hemn. Så på overtid, lenge etter at sigeren var sikra, så sparka Brian Risanger til igjen og denne gongen resulterte det i direkte raudt kort.
Nøgd
For trenar Helge Risanger var ikkje dei to situasjonane kjekke, men likevel fekk han og laget ein opptur. Spelemessig var det bra og mange meldte seg på.
– Me har stort sett full kontroll på Avaldsnes i heile kampen. Dei kjem nær oss på 3-2, men klarte ikkje å skape nok press til at det var direkte farleg. Me spelar raskt og langs bakken, noko dei ikkje fekk heilt tak på. Eg er svært nøgd med kampen, men kunne sjølvsagt klart meg utan dei raude korta, seier Risanger.
Dette var vekas kamp og difor kjem det mykje meir i papiravisa på torsdag.
Faktaboks
Skjold 4 (3)
Avaldsnes 2 (0)
4. div, avd. 3
Grinde kunstgras
1-0 Sjølvmål (15)
2-0 Sander Hettervik (29)
3-0 Sander Hettervik (45)
3-1 Thomas Huong Le (54)
3-2 Sjølvmål (88)
4-2 Brian Risanger (90)
Dommar: Erlend Dalaker, Ferkingstad
Gult kort: Jonas Risanger
Raudt kort: Morten Bådsvik (to gule) og Brian Risanger
Tilskodarar: 50