Karsten A. Larsen kan sjå tilbake på ei spennande tid som lokalpolitikar. Men neste haust er det slutt. 64-åringen vil bruke meir tid på familien og seg sjølv. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Karsten A. Larsen har meddelt Rogaland Frp at han gir seg i fylkesstyret. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Gir seg på toppnivå

Sist veke slo Karsten A. Larsen på tråden til partikollega Lars Birger Baustad. – Eg gir meg, var meldinga frå 64-åringen.

Dermed mistar Frp sin mest omtala politikar dei siste åra. Gruppeleiaren, formannskapsrepresentanten og kommunestyrepolitikaren tar ikkje fire nye år i lokalpolitikken. Nå skal han prioritere familie, helse og fritid.
– Eg er 65 år når det er val til neste haust og då virke det langt fram med ein ny fireårsperiode. Eg har vore med på åtte svært spennande år i lokalpolitikken og har opplevd og lært mykje. Nå oppfordrar eg andre til å melde seg til politisk arbeid. Det er lærerikt og svært engasjerande for langt fleire enn det ein skulle tru. Læringskurven kan vere bratt, men dette er noko alle engasjerte menneske i kommunen burde prøve, seier Larsen.
Det er ikkje berre alderen som tyngjer politikaren med adresse i mykje omtala søre-Tysvær. Då han fekk eit hjarteinfarkt for fem år sidan var det ein vekkar. Ein ny utblokking for kort tid sidan var heller ikkje eit teikn på at kroppen er ung og frisk, sjølv om hovudet aldri så mykje vil.
Viktig
– Nå er det ikkje helsa som gjer at eg gir meg og heller ikkje politikken. Eg har heile mitt liv vore aktiv i lag og foreiningar og det er erfaringar som har vore svært viktige å ha med i bagasjen inn i det politiske arbeidet, seier Larsen.
Han har også fått seg det han kallar sett to med ungar å følgje opp. Fotball sjølvsagt.
– Eg synest det er kjekt og er faktisk trenar for eit jentelag i Falkeid. Det å kunne sette av meir tid til dette er noko eg vil prioritere. Eg var med ungane mine i kull ein og har mange gode opplevingar. Slik vil eg ha det nå også, smiler Karsten A. Larsen.

Les heile saka i denne vekas papirutgåve.