– Heilt svart

– Mobilen min virke, men alt anna er svart. Har dykk høyrt noko? I følge Haugaland Kraft er det straumbrott på strekninga Frakkagjerd – Høie. Også i og rundt Grinde har det vore problem.

Me fekk nettopp ein tekstmelding frå ein Bygdeblad-lesar på Høie. Han har ikkje straum.
Det er h-avis.no som har vore i kontakt med Haugaland Kraft som fortel at omlag 700 hustandar i Tyvsær har vore eller er utan straum. Det er vinden som er orsaka til at det no berre er mobiltelefonar som virker i deler av kommunen.

Talet skal no vere nede i omlag 300 hustandar. Også på Garhaug og i Grinde skal lysa ha komme og gått eit par gonger nå i kveld.

Det er venta at dei fleste vil ha att straum i løpet av rimeleg kort tid.
Også på Frakkagjerd var staumen borte ein kort periode.