Om å gå på ein smell

Denne veka blir ein ny norsk dokumentarfilm vist på kino. Solveig Melkeraaen sin film «Flink pike» handlar om det me på folkemunne kallar «å gå på ein smell».

Det skal vere ein kvalitetsmessig og fagleg god film som tar opp psykiske utfordringar på ein personleg og informativ måte.
For filmen kjem i ei tid kor det stadig krevjast meir av oss. Kor stressfaktorane heng over delar av norsk næringsliv på ein måte me sjeldan har sett maken til. For når det står om oppseiingar på kvar ei framside og lange reportasjar på diverse fjernsynskanalar fortel om mørke skyer, er det ein aktiv stressfaktor for svært mange av oss.
Og i slike mørke tider kan det vere freistande å gi litt meir av seg sjølv enn det ein har kapasitet til å klare. Forventningane rundt oss kan vere nådelause, og små detaljar kan utløyse store psykiske konfliktar, kor ein går på akkord med seg sjølv. For det er dokumentert at ein ikkje alltid har evna til å halde seg sjølv i taumane når stress byggar seg opp. Det treng slett ikkje vere ein enkel grunn til at ein mistar kontroll, men ei samanvikling av fleire små. Og når det som skjer utanfor vår rekkevidde, også skal «inn» i hovudet vårt og vere med å prege kvardagen, ja så skjønar ein at det er lett å trø feil.
Det er vanskeleg å sette seg inn i situasjonen til dei som er utbrente eller som har «gått på ein smell». Det er ikkje alltid det viser, og nettopp derfor kan dokumentarfilmen til Melkeraaen vere ein viktig bidragsgivar i det store fagfeltet som psykiatri er.
I Tysvær står psykiatritenesta fram som ein seriøs og viktig aktør i området som må kallast folkehelsetenester. Dei har store og vanskelege oppgåver å ta tak i. Når me treff dei som jobbar der er det svært interessant å både høyre korleis dei tenker, korleis dei ser for seg tenesta si oppgåve, men ikkje minst korleis dei handsamar kvart enkelt tilfelle.
Så blir det opp til kvar enkelt av oss å passe på også denne biten av helsa vår. Her hjelp vel ikkje treningsstudio eller diverse «kurar». Me må lære oss opp til å avgrense jaget etter å vere ei «flink pike» eller «ein flink gut», for å bruke Melkeraaen sin terminologi. Om me ikkje passar oss sjølve, så gjer vel strengt tatt ingen andre det heller.
For det er lite som tyder på at me vil få det lettare i åra som kjem. Forventningar og press følgjer oss frå ung alder til grava. Det trykker på oss frå alle kantar. I skulen, på jobb og i privatlivet. Forventninga om det perfekte mennesket. Ingen kan komme og påstå at det berre er å melde seg ut.
Forventningane er der og jagar deg rundt.
Kanskje vil ein få eit anna innblikk om ein spanderar på seg ein time med filmen «Flink pike»… eller kanskje ikkje.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør