Av Mona Terjesen
– Eg har gjort det. Det var tungt, og det poengterer også korleis dei me samlar inn pengar til i år, har det i kvardagen. No utfordrar eg mellom andre deg Kristine, til å gjere det same, seier Frønsdal idet me ser videoen på facebook som viser henne med ei tung bøtte på hovudet.
Ho fekk ideen frå nokre andre som jobbar med Tv-aksjonen på austlandet.
– Dette er jo ei kjempelur måte å sette fokus på formålet på. Eg tar utfordringa med det same, når eg kjem heim i dag skal eg også gå 100 meter med ei bøtte på hovudet, svarar Aurdal ivrig.
Livsskjebne
Dei to damene er i full gang med forarbeidet til innsamlingsaksjonen, som i år skjer søndag 19. oktober. Denne gongen er formålet reint vatn til ein million menneske.
– Dette er eit utruleg viktig formål. Varig, reint vatn vil bety enormt. Gjennom Tv-aksjonen kan me forandre heile landsbyar. Berre tenk på kva det vil seie for hygiene og helse. Og ikkje minst så ønskjer me at ungane som må gå i mange timar kvar dag, for å hente vatn, skal få sleppe. At dei i staden skal få moglegheita til å gå på skule, seier Aurdal.
Les heile saka i papirutgåva