Når avisene må forsvare seg

Det blei som venta bråk i avis-Noreg då Kulturminister Thorhild Widvey la fram sitt budsjettforslag, som omtala pressestøtta til norske aviser.

I ein kvardag kor kampen om å halde på arbeidsplassar nå er desperat, så er slike forslag meir enn meir bensin på eit allereie godt brennande bål.
Det har dei siste åra vore svært vanleg å bli møtt med kor dårleg det står til i avisbransjen og lokalt då spesielt i Haugesunds Avis. Etter å ha vore ein del av avismiljøet der sidan 1987 gjer det meg vondt, og det er skremmande å registrere kor fort noko som er bygd opp kan rivast ned. Ein kan diskutere til ein blir blå om kvifor folk oppfattar det slik.
Andre er meir opptatt av korleis arbeidsplassar kan ryke over natta når små og store aviser slår seg saman for å bli betre og meir kostnadseffektive. Tilbake står journalistar, fotografar og andre «livsviktige» tilsette og ristar på hovudet. Sikre jobbar kor mykje av suksessen låg i ressursane som dei tilsette er. For avisverda me i dag les om, er ei avisverd i fritt fall.
Spørsmålet er om det er nok med pressestøtte, ei støtte som for Tysvær Bygdeblad er i overkant av 400.000 kroner, ein sum som ikkje gir oss meir pusterom enn at den er forutsigbar.
Eg trur dei varsla kutta meir er som ein raud klut å rekne. Rett nok får dei store avisene som Nationen, Klassekampen og Bergensavisen heilt andre summar inn på kontoen enn oss, men likevel. Det handlar i «bunn og grunn» om kva folk vil ha, om kva dei er villige til å betale for.
For allereie nå i startgropa av kutt i pressestønaden så ser me at det blinkar både raudt og blått for ein del aviser som i mange år har levert solid lokalt stoff, som har vore med å sette dagsorden, og kor journalistspirer har hatt si læretid. Om dei forsvinn så forsvinn mykje meir enn arbeidsplassar. Og om ein lar seg provosere av Widvey så er det ikkje mindre provoserande å lese i kommentarfelta om «lesarar» som ikkje bryr seg om aviser bli lagt ned, fordi dei les (dei same) avisene på nett.
Om det er mange som trur dette er eit alternativ så har norske aviser meir å informere om enn trafikkulykker og politiske utfordringar i spaltene sine. Utan å kunne legge fram eit skrifteleg dokument så vil eg påstå at ingen av landets lokalaviser i dag eller i nær framtid kan leve av nettet aleine. Ikkje i dag og ikkje i dei næraste åra.
Så då blir valet lesaren sitt. Vil ein ha lokalaviser og regionaviser i framtida så er ein nøydt til å vere med på laget og betale det som det kostar å ha ein lokal og fri nyhendekanal.
At regjeringa bommar grovt med si tenking i ein periode kor norske aviser blør, er på mange måtar berre trist. At det stadig blir fleire som trur kvalitetsjournalistikk er gratis er faktisk verre.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør