Solfrid Molland spelte på Høvleriet under Kulturnatt. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Solfrid Molland spelte på Høvleriet under Kulturnatt. Foto: Alf-Einar KvalavågBilde 1 av 9
Skjermbilde 2014-10-18 kl. 23.03.35
Bilde 2 av 9
Skjermbilde 2014-10-18 kl. 23.03.44
Bilde 3 av 9
Skjermbilde 2014-10-18 kl. 23.04.01
Bilde 4 av 9
Skjermbilde 2014-10-18 kl. 23.04.07
Bilde 5 av 9
Skjermbilde 2014-10-18 kl. 23.04.34
Bilde 6 av 9
Skjermbilde 2014-10-18 kl. 23.05.48
Bilde 7 av 9
Skjermbilde 2014-10-18 kl. 23.06.00
Bilde 8 av 9
Skjermbilde 2014-10-18 kl. 23.06.34
Bilde 9 av 9

Kult med «Kulturnatt»

«Kulturnatt» i Haugesund er imponerande. Me trefte på mykje kjentfolk og tre lokale artistar som verkeleg satte farge på laurdagskvelden. Embla, Mia Merlene Berg og Solfrid Molland imponerte alle.

Embla var først ut då dei holdt konsert i bystyresalen i rådhuset. Eit knippe med gode gammle kjenningar, samt eit par nye songar var for mange ein behgeleg start på ein lang kveld på byen.
Bare eit kvartal unna på KM-huset var Mia Marlen Berg godt i gang då me kom innom. Og jaggu så det ut som at også kulturminister Thorhild Widvey også hadde funne vegen for å høyre litt improvisert pop/jazz.
– Kjekt å kunne vere med på ein slik type festivalhelg som «Kulturnatt» er. Eg og Trond har spelt saman ei tid nå og det var spanande å sleppe denne type musikk for eit lydhøyrt publikum, sa Berg som hadde med seg gitarist Trond Kallevik Hansen.
Fest
På Høvleriet hadde Solfrid Molland rigga seg til og ho og musikantane fekk opp stor stemning rimeleg raskt.
– Eg trur me skal vere svært godt nøgde med denne konserten. Me fekk vist fram bredda i det me held på med, smilte Molland.
Ho hadde med seg far og son Gheorgie Vasile-Buzoiano og Valentine Vasile og Lars Tormod Jenset.

Meir frå kulturnatt i papiravisa neste veke.