Biblioteksjef Lillian Rushfeldt, barnehagesjef Anne-Lise Myrvold og mållagsleiar Synnøve Bredal Bjelland synst det er viktig at ungar i Tysvær blir kjent med bøker på både nynorsk og bokmål. 
Foto: Mona Terjesen
Sven Ivar Dybdal, Randi Rettedal og Tårn Ubøe meiner at Landbrukskontoret må bli flinkare til å opplyse bøndene og vere meir tilgjengeleg.

Gjentar suksessen

Det skulle vere eit eingongstilfelle, for å samle inn pengar til agilityutstyr og treningsbane til hundelinja. No blir likevel Hundefestivalen arrangert for andre gong på Tveit.

Av Mona Terjesen
– Me fann ut at me treng litt meir pengar til utstyr, og lys treningsbanen, så då bestemte me oss for å arrangere festivalen i år også. Det gjekk veldig fint i fjor. Mellom 70 og 80 deltok med hundane sine, og dei kom frå heile distriktet. Får me same oppslutninga i år, så er me fornøgde. Men me har plass til litt fleire i år – til 100 deltakarar, fortel lærar for hundelinja Kjellaug Selsaas.
1. november går festivalen av stabelen i Nedstrand.
Sjarmørpris
Dei som er med på Hundefestivalen kan velje mellom innføringskurs i agility, utstillingsteknikk, triks, saueaversjon, lydigheit (for problemhundar), valpekurs, gå spor, blodspor og rallylydigheit. Ein kan også ta bronse i lydigheit nybyrjarkurs.
– Me har fått med oss ein gjeng dyktige instruktørar mellom anna frå hundeklubbar i distriktet som skal lære dei. No er det berre påmeldinga igjen, elles er alt klart, seier Selsaas.
Ho fortel vidare at ein av dei mest populære innslaga under festivalen i fjor, var hundelaup på bane.
– Der utleverer meg også ein sjarmørpris. I fjor fekk ein mann med ein liten hund han. Hunden var lynrask og sprang rett mot mål, men så bråsnudde han plutseleg, og sprang inn i kafeen heller, fortel læraren og ler.

Les heile saka i papirutgåva