Hjelp meg over vegen

Veg er blitt eit nøkkelomgrep i Tysvær. Veg gir mulegheiter, veg hindrar samstundes utvikling i det tempoet mange av oss ønskjer.

Det er ingen grenser for kva problem vegløysingar skal gi av hovudbry for Tysvær kommune. Det er snart ikkje eit einaste prosjekt som kan realiserast utan at veg skaper bråk.
Og det er blitt slik at kommunen sitt slagord «liv i alle bygder» kan bytast ut med vegutfordringar i alle bygder.
Frakkagjerdvegen, Skjoldastraumsvegen, E39, E34, Høievegen og gamle og tidlegare gode Aksdalsvegen er nokre av dei. For ikkje å snakke om 515. Det er ikkje «godt nok» noko av det, og frustrasjonen og kostnadane knytt til utbetringar og nybygging er så høge at det skremmer på høglys dag.
Og det frustrerer frå ordførar til meinigmann, frå private til næringsdrivande.
– Kvifor er det slik? Kvifor er det så dyrt? Og kvifor tar det så lang tid?
Sikkert gode spørsmål med like gode svar, men det er ingen tvil om at Tysvær har hamna i ei vegklemme det er vanskeleg å komme seg laus frå. Aksdalutviklinga er kanskje den mest synlege. Ingenting skjer i sentrum før vegløysinga er på plass. Og kvar gong ein har ei kjensle av at ein nærmar seg noko, så kjem det nye krav, endringar og ny motlaus ventetid.
For kort tid sidan blei planane om ein firfelt motorveg frå Rogfast til Aksdal presentert. Ingen kart, ingen pris og ikkje noko tidsaspekt. Svært arealkrevjande og ei brei stripe på opp mot 200 meter tvers gjennom Tysvær. Det vil me ha, det har me kravd og det kan me kanskje få. Vil me det når me ser konsekvensane av naturinngrepa ein slik veg vil gi? Det blir garantert eit spørsmål neste gong ein får presentert dette prosjektet.
Andre spørsmål knytt til denne draumen er kva det vil ha å seie for Slåttevik- og Eikeskogkrysset. Er det vits å bruke millionar der om det på sikt kjem ein motorveg som garantert ikkje kan bytast ut med traseen til dagens E39.
Kan me risikere at desse to kryssa som hastar og som burde stått ferdig for lengst då blir lagt på is? Kan me risikere at det stoppar alt som er av planar og draumar i søre-Tysvær? Ser ein på kartet og prøver å sjå kor ein slik firfeltsveg kan komme så blir det også naturleg å spørje om det i det heile tatt er aktuelt med nokon som helst vegplan frå Frakkagjerd til Skeiseid.
Det gir oss mellom anna to alternativ.
Til politikarane: Få fart på kryssbygging på E39. Press på og gjer eit politisk og administrativt arbeid som avklarar realisme i dei planane.
Til folket: Skal me slå oss til ro med at veg stoppar utviklinga i Tysvær. Skal me krevje at ein nullstiller ein del prosjekt og heller har fokus på det som er gjennomførbart? Det er tross alt me som går til val både lokalt og sentralt.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør