Han skåra fire av måla, fleire etter solid forarbeid.
– Jan Egil (Kallekodt) og Kjelli (Kjell Andreas Lindgren) serverte dei to første. Så fekk eg ta ein straffe. Nei, dette var dagen då ballen rulla vår veg og nå er me sikra 5. divisjon også neste år, seier Rune Lindanger som ikkje har bestemt seg for om han speler i klubben neste sesong.
Siste heimekamp
Ein som garantert ikkje er med neste år er spelande trenar Frode Hundsnes.
– Dette var den siste heimekampen og eg er godt nøgd med måten laget løyste den litt vanskelege situasjonen me hadde hamna opp i. Eg såg tidleg at i dag var det klasseskilnad på laga og det er bra å orke å stå på heilt ut og skåre ni mål. Nå håper eg at dei får på plass ei god spelegruppe til neste år, med ei fin blanding av unge og rutinerte spelarar, seier Hundsnes som avslutta på Troppene med to mål på ni minutt.
Falkeid avsluttar neste helg mot Torvastad på Karmøy.
Resultat:
Sauda – Leirvik 3-3
Ferkingstad – Torvastad 2-1
Karmsund – Ølen 2-1
Sveio – Stegaberg 0-7
Dette var vekas kamp, så meir i papiravsia neste torsdag.
Faktaboks
Falkeid 9 (4)
Haugaland 0 (0)
5. div. avd. 3
Troppene kunstgras
1-0 Rune Lindanger (15)
2-0 Rune Lindanger (32)
3-0 Jan Egil Kallekodt (40)
4-0 Rune Lindanger (str.43)
5-0 Frode Hundsnes (54)
6-0 Frode Hundsnes (str.63)
7-0 Jan Egil Kallekodt (65)
8-0 Rune Lindanger (71)
9-0 Knut Austerheim (75)
Dommar: Sverre Flatebø, Vard
Tilskodarar: 20