318 dagar igjen

Neste torsdag startar Tysvær Bygdeblad valdekninga si. Fleire parti er for lengst i gang med sine valkampar før valet i 2015, og me drar i gang med ei meiningsmåling om kva 500 tysværbuar ville stemt om det var val i dag.

Denne marknadsundersøkinga er startskottet vårt, i ein valkamp som vil vere langt viktigare enn me har sett på lenge. Når det tidlegare har vore små, men viktige valkampsaker som har prega valåret, blir det denne gongen meir tunge utfordringar som vil danne det politiske bakteppet.
Me ønskjer å vere med heile vegen, for innbyggjarane, men også for politikarane. Me vil ta pulsen, utfordre, granske og spørje. Me vil stille «dumme» spørsmål og me vil komme med kommentarar. Og ikkje minst vil me ta imot innspel frå både liten og stor.
Målet er at me saman skal få på plass eit kommunestyre den 14. September, der veljarne både skal vite kven dei bør stemme på og ikkje minst kvifor.
Denne veka slepp me ei undersøking om kommunesamanslåing. Det kan bli ei av sakene lokalpolitikarane må ta ei avgjersle på, når me nærmar oss valdagen i september. Det blir ikkje lett. I dag meiner over halvparten at dei ikkje er interessert i å slå seg saman med nokon som helst, og om ein må, så er Bokn det einaste alternativet som freistar.
Det som kan snu denne trenden, er at ein kjem fram med kva tenestetilbod som vil vere å finne i nye kommunesamanslåingar. Slik eg tolkar dei tala me har fått, er det meir eit varsel om at utan skikkeleg informasjon, så er ikkje tysværbuen med på laget.
Eit par andre spanande moment nå tidleg i valkampen er når partia presenterar listetoppane sine, og når fylkespartia slepp sine kandidatar til fylkestingsvalet.
I Tysvær har det vist seg at valet av ordførar er minst like spanande som kva partia har i programma sine. Dagens ordførar hadde eit brakval sist og det skal bli spanande å sjå korleis personvalet blir denne gongen.
Me har til nå fått signal om tre ordførarkandidatar. Ola Apeland (H), Sigmund Lier (Ap) og Kristine Aurdal (Krf). Resten kjem etterkvart, men etter alt å døme blir det kjente listetoppnamn. «Som før», vil kanskje nokon grine på nasen og seie. Å forvente at det allreie ved neste val dukkar opp nokre nye toppkandidatar i det politiske Tysvær er lite aktuelt.
Det som kan vere spanande er om SV kjem tilbake på banen, og kven som eventuelt vil toppe lista deira. Kva så med nyetablerte i Tysvær, Miljøpartiet Dei Grøne? Vil dei klare å lage ei liste?
Me drar i gang for fullt neste torsdag. Då får ein den første peikepinnen på kven som er in i Tysvær-politikken akkurat nå.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør