Under stødig leiing av programleiar Roar E. Jacobsen tok dei to forfatterane dei mange frammøtte med på ei reise gjennom Oslo, ei reise mange av oss neppe kjende til. Heldigvis vil ein kanskje seie etter å ha høyrt frå Kallevik si sjølvbiografiske bok «Xtrem, krig i Oslo´s gater».
– Eg håper at mange spesielt unge les denne boka. Eg trur den viser mange aspekt ved livet, sjølv om den sjølefarte fortellarstemma kan vere noko brutal. Dette handlar på mange måtar om marginar, sa Kallevik.
I Nore si bok «Oslo Noir» tref me på Nore sin helt Petter Wessel. Også Nore fortale om utfordringar knytt til oppvekst i Oslo og korleis personar blir prega av sin oppvekst. To forskjellige forfattarar er dei og to forskjellige skildringar var det.
Det var brutalt og ekte. Ekstremt bra for å seie det slik.
Ekstremt bra ExstrembLEST
Jan Harry Kallevik og Aslak Nore ga dei frammøte ein verbal leksjon i sin oppvekst i Oslo by, som med sin brutalitet og utfordring på 90-talet forma både dei og innhaldet i bøkene. Ærleg, nært og lærerikt.