Bømlo kommune nyttar rekrutteringsbyrået Headvisor i jakta på ny rådmann etter Sverre Olav Svarstad som går av med pensjon til sommaren 2015. Etter søknadsfristen gjekk ut 30. oktober stod ein att med to søkjarar. Det er Geir E. Aga (56) frå Stord, noverande kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett i Bømlo kommune. Den andre er Randi Iren Rettedal (59) frå Tysvær, rektor ved Tveit vidaregåande skule. Rettedal bad om førebels konfidensiell handsaming, men har no frigjeve kandidaturet sitt.
Det skriv Bømlo kommune på si heimeside.