Åtet er lagt ut

Måndag presenterte rådmann Arvid S. Vallestad og økonomisjef Tor Leif Helgesen sitt budsjettforslag for neste år. Eit budsjett med ein del ukjente faktorar, spesielt når det gjeld framtidige inntekter frå eigedomskatt.

Men det var eit budsjett som på nytt viser at me eigentleg ikkje kan klage i Tysvær.
Likevel har dei to, bevisst eller ikkje, fleire punkt som lokalpolitikarane nå kan gjere om til velsmakande valflesk. Og skal ein tolke denne vekas partimålingar, så er det parti som treng det. Og det raskt.
Mest støy er det nemleg rundt eit par saker som ikkje treng å koste meir enn dei smakar.
Skjoldastraumen har engasjerte innbyggjarar. Dei vil ha ny barnehage og dermed kunne overta dagens grendesenter, og skape ein samlingsstad i bygda. Politikarane har sagt ja til barnehagen, men i budsjettframlegget har ein ikkje funne pengar til vegen, som gjer at ein kan starte opp bygginga. Det er snakk om ein stad mellom ti og tjue millionar kroner. Her er det ikkje snakk om – om nokon vil ta politisk tak i det, men om kven som kjem på banen først.
Eg tippar dei finn ei rask løysing.
Tysværvåg har også engasjerte innbyggjarar. Dei er frustrerte over mykje, men også der er det godt valflesk, kanskje litt gjømt i budsjettframlegget. For der vil ein ha ein ny fløy og to i barnehagen. Eller brakkeriggar… Vel, også her kan ein slå politisk mynt og komme kritikken i møte. Og etter alle sine lovnadar for søre-Tysvær for tre år sidan, er det ikkje utenkeleg at ein rimeleg rask «finn» midlar til å bygge ut dei fløyene som trengs. Ingen av partia kan gå på ein ny søre-Tysvær smell.
Eg tippar dei finn ei rask løysing.
Ein tredje forlokkande sak er skulegrenser på Frakkagjerd. Det som skil den saka frå dei to andre er at her bur det mange folk. Svært mange, som også har rett til å gi stemme. I forslaget til budsjett legg ein heile Skeiseid-prosjektet på is, eller rettare sagt under litt tjukk is. Det opnar for at ein kan berekne skulestrukturen i den ytre delen på ein heilt anna måte. Ein kan i ro og mak utrede ny ungdomsskule i Aksdal, og korleis skulegrensene skal vere mellom Frakkagjerd barneskole og Førre skule. Om erfaringane med dagens moderne brakkemodular på «nyeskulen» fungerar, så er det eit alternativ å sette opp fleire slike som ein start til skulestrukturen er klar. Då kan ein halde på dei grensene som er i dag.
Her bør ein tidleg komme på banen og komme med avklaringar.
Eg tippar det blir meir brakker og ro rundt skulegrensene. Kvifor? Fordi det bur alt for mange veljarar på Frakkagjerd som vil det slik.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør