Knut Markhus hadde det travelt sist Frøya var på besøk og spelte BLNO kamp i Sysco Arena. Denne gongen er det Nidaros Jets som skal prøve å slå bergensarane. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Knut Markhus hadde det travelt sist Frøya var på besøk og spelte BLNO kamp i Sysco Arena. Denne gongen er det Nidaros Jets som skal prøve å slå bergensarane. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Riggar til fest igjen

Med tysværbuen Espen Markhus i spissen kjem Frøya tilbake til Tysvær for å spele BLNO-kamp. Denne gongen mot Nidaros Jets.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Berre veker etter at Tysvær Magic er blitt til ein del av Stegaberg IL inviterar Espen og pappa Knut til ei ny stor basketoppleving i Sysco Arena. Eit knapt år etter at bergensarane spelte mot Ammerud opnar dei dørene for ein ny toppkamp.
– Dette er to jamne lag som speler rask og teknisk basketball. Espen og Frøya vann sist dei møttest, men dette er ein heilt open kamp. Me fekk så mange gode tilbakemeldingar sist me hadde BLNO-kamp og satsar derfor på ein ny flott basketballdag i Tysvær si storstove. Dei som gjekk glipp av det sist, får nå ein ny sjanse, seier Knut Markhus.
Meir speletid
Sist han var vertskap for sonen sitt lag, sat Espen for det meste på benken. Nå trur pappa Markhus på meir speletid.
– Ja, me har sett i heile år at Espen er mykje meir på banen. Det vil overraske meg stort om ikkje han speler mykje når laga møtest den 15. november.
– Kor står BLNO i idrettsbilete om dagen?
– Etter ein fantastisk start på BLNO-eventyret, ramla det meste til bakken med eit smell. Nå er har det heldigvis stabilisert seg på eit OK nivå, og fungerar slik som dei andre elitedivisjonane me kan samanlikne oss med. Når me får ein slik kamp, er det også for å vise kva for ein fantastisk tett og spanande sport dette er. Eg gleder meg stort, både til å vere med som arrangør, men også for å få ein skikkeleg toppkamp på heimebane, seier Markhus.

Les meir i papirutgåve