Føredraget til Sandsmark var svært personleg og gripande, men samstundes ei rørande påminning om å skynde oss å elska. 
Foto: Ingvild Rørtveit Myklebust
Føredraget til Sandsmark var svært personleg og gripande, men samstundes ei rørande påminning om å skynde oss å elska.

Livsmot i mørket

Jostein H. Sandsmark har skrive bok om å miste det umistelige. Søndag gjesta han Nedstrand for å dela tankar om sorg, sakn og lys i mørket.

Av Ingvild Rørtveit Myklebust
I januar mista Jostein H. Sandsmark dottera Sara då ho og ei veninne vart treft av ein bil då dei var ute å køyrde hest. I september gav han ut boka «Pass på liten og på stor» som er ei siste kjærleikserklæring til dottera. I forbinding med boka held han føredrag rundt om i landet, og i regi av bLEST gjesta han søndag Nedstrand kyrkje.
Gripande
Kyrkja var pynta med levande lys og faklar, og regnet tromma på kyrkjevindauga. I det Sandsmark stiller seg framfor dei tilhøyrande, senker det seg ei knusande ro i rommet. Det er tydeleg at historia om Sara allereie på førehand har gjort inntrykk på mange.
Sandsmark skildrar ulykkesdagen, og kva tankar han hadde frå han kom til ulykkesstaden og til Saras hjarte slutta å slå på sjukehuset. Bokas hovudbodskap er ei oppfordring til å visa kvarandre kjærleik då vi ikkje veit kva som ventar oss rundt neste sving.

Les heile saka i papirutgåva