Thomas Finshus vann dagens løp. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Thomas Finshus vann dagens løp. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Finshus vann halvmaraton

Thomas Finshus frå Stegaberg vann dagens halvmaraton på Karmøy. Øyvind Aksland blei nummer tre. – Dette var over all forventning. Det var tross alt berre min andre halvmaraton. Men eg kjenne det nå, seier ein glad vinnar.

Thomas Finshus er ikje skuggeredd til tross for liten erfaring med løp over 20 kilometer. Men i bakkane i Vedavågen slo han til.
– Eg nytta meg av motbakkane og fekk ei luke på omlag 400 meter. Men dei siste kilometrane var i kraftig motvind og dpå fekk eg stygge tankar og måtte jobbe skikkeleg med meg sjølv. Det å komme i mål som vinnar var utruleg godt, seier Stegaberg-løparen.
Takk
Han er rask med å takke lagkamerat Øyvin Aksland som kom inn til ein sterk 3. plass.
– Øyvind har vore med og dratt meg opp på eit nytt nivå. Det å få trene saman med ein «seiging» som han har gjort meg godt. Han som blei nummer to i dag (Dag Einar Bøtun) slo meg med eit minutt under årets Djupadalten, men nå var eg over minuttet foran han. Så dette er eg godt nøgd med, seier Finshus.
– Korleis legg ein opp ein halvmaraton?
– Det gjekk roleg i starten, men så stakk ein av løperane i fra og eg hang meg på. Me holdt følge til vedavåg og då tok eg sjansen. Veit ikkje kor lurt det var i utgangspunktet, men eg måtte berre ta sjansen og det lukkast eg med. Ekstra kjekt når Stegaberg har to av tre på pallen, seier Finshus.
Kjekt
Omlag 400 løparar sprang heil eller halvmaraton. Finshus likte arrangementet.
– Ja, det var eit flott arrangement. Då eg kom i mål var det til og med ein salutt. Kan godt sei eg gjekk på ein smell, ein kjekk, men litt vond smell. Dette var rett og slett kejkt, sjølv om det gjer vondt akkurat nå, seier Stegaberg-løparen like etter målgang på Åsebøen i Kopervik.

Finshus sprang Karmøy Halvmaraton (21 km) på tida 1:18:17.5. Aksland fekk 1.19,51.
Sverre Aksland, Stegaberg blei nummer 13 med tida 1.30,17

Resultata finn ein her:
http://www.eqtiming.no/quick/index.php?page=eqtevent&eventuid=5102