Espen Markhus fekk mykje speletid mot Nidaros Jets og teikna seg for seks poeng. Men det blei tap. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Markhus og Frøya ble nummer fire i BLNO Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Fløy høgt, men ikkje høgt nok

Espen Markhus og Frøya tok sats på grindebuen sin heimebane, men fall brått til jorda etter ein forferdeleg 3. periode. – Stort å komme heim og vise oss fram, uansett, seier 21-åringen.

For det blei bortesiger 74-86 då Nidaros Jets viste seg å vere hakket meir på i Sysco Arena. Spesielt i slutten av 2. og heile 3. periode var det rett og slett for svakt det Markhus og hans kompisar frå Bergen, hadde å by på.
– Det var elendig og me var ikkje med i kampen. Heldigvis retta me opp mykje av inntrykket med ein god sisteperiode, men klarte ikkje heilt å hente inn dei siste poenga, seier Markhus.
Som sist Frøya var på besøk var det liten tvil om at dei aller fleste av dei 150 på tribunen var komme for å sjå tysværbuen. I sin 3. sesong i BLNO var han denne gongen mykje meir på banen, og fekk god jubel kvar gong han var involvert. Og seks poeng plukka han med seg.
– Det er vel der eg er i snittet i år. Alltid kjekt å vere på banen, men me gjorde det vanskeleg for oss sjølv, og då blir det ein sånn litt bitter ettersmak. Ikkje kjekt å tape på heimebane, seier Markhus.

Meir om kampen i papirutgåva på torsdag.

Faktaboks

Frøya 74
Nidaros Jets 86
BLNO
Sysco Arena
Flest points Frøya:
P. Bullock 19
Flest points Nidaros:
M. Adekponya 27
Tilskodarar: 150