Oddgeir Bruaset var ein populær gjest i Aksdal Senter. Svært mange var møtt fram for å høyre dei spanande historiane hans. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Oddgeir Bruaset var ein populær gjest i Aksdal Senter. Svært mange var møtt fram for å høyre dei spanande historiane hans. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Mange ville høyre på Bruaset

Mannen bak suksess «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», Oddgeir Bruaset, har eit stort publikum også Tysvær. Mange hadde funne vegen til bokhandlaren i Aksdal Senter i kveld.

Det var knapt nok ein ledig stol å oppdrive då NRK-veteranen starta sit føredrag om personane han har møtt i fjernsynsserien dei siste 12 åra.
– Eg har gjennom dei fire bøkene mine kunne gå meir i detalj om stadar og menneskje som eg har møtt. Det har blitt 75 program på NRK, men nå er det slutt for min del. Til jul blir eg 70 år og då er ein pensjonist i NRK, smilar Bruaset.

Les meir om Bruaset på våre kulturliv-sider i papiravisa på torsdag.