Øystein Simonsen har kontroll over vedlikehaldsjobben. 8. januar skal alt vere klart til nyopning. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Øystein Simonsen har kontroll over vedlikehaldsjobben. 8. januar skal alt vere klart til nyopning. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Betre luft og betre økonomi

Symjehallen i Tysværtunet blir stengt frå måndag av. Det planlagde vedlikehaldet skal gi betre tilhøve i hallen.

– Dette er eit vedlikehald som me har planlagt lenge, og som me gjer i den delen av sesongen kor det er lågast besøk. Likevel er det 4-5.000 besøkande som nå ikkje får bade i anlegget, men det kan me dessverre ikkje gjere noko med. Me har opent i alle feriar og då har me ingen naturlege periodar å gjere vedleikehald i, seier kulturhusleiar Øystein Simonsen.
ENØK
Arbeidet er allereie godt i gang og skal vere ferdig seinast 8. januar.
– Kva er det som skjer?
– Me skal skifte ut ventilasjonsanlegget, som har vore i drift sidan starten. Det var slitt og utdatert. Med eit nytt anlegg får me betre luft, men kanskje endå viktigare, mykje mindre straumrekning. Me er det kommunale bygget som brukar mest straum og symjehallen står for mykje av det. Med eit moderne Enøk-anlegg vil me spare sekssifra beløp kvart einaste år.
– Korleis ligg ein ann? Vil ein bli ferdig som lova?
– Ja, det ser svært bra ut. Me har allereie jobba med dette i ein månad og alt går etter tidsplanen. Det er ein komplisert og omfattande jobb, men me har eit godt prosjekt som er gjennomarbeida og kontrollert. Det betyr at eg er trygg på at tidsfristane blir haldne, seier Simonsen.

Les heile saka i papirutgåva