Av Mona Terjesen
– Me ser med uro på at rådmann Arvid S. Vallestad no ikkje har sett av pengar i budsjettet til bygging av ein ny stasjon i Nedstrand. I økonomiplanen blei det vedtatt å sette av midlar til ei utbygging eller ombygging, seier tillitsvald i Nedstrand Gunnar Våge og verneombod i Tysvær Brannvesen Ole Jonny Espevold.
Kakerlakkar
Dei sender no eit brev til politikarane, som i desse dagar jobbar med å bli samde om eit budsjett.
– Me håper at dei ser kor sårt behov det er for ein ny stasjon her. At dei ikkje går for det som rådmannen foreslår, seier Espevold då me snakkar med han og kollega Våge førre torsdag.
Ein kikk i den noverande brannstasjonen er nok. Ein ser raskt at her må det modernisering til. Brannbilen må også skiftast ut. Men først må ein ny og større stasjon på plass. Det er nemleg ikkje plass til ein ny bil i den noverande stasjonen.
– Det er altfor trongt, og absolutt ikkje ein situasjon me kan leve med lengre, nikkar dei to brannmenna.
Det er også fleire gonger blitt observert kakerlakkar inne i den gamle stasjonen. Det seier litt om tilstanden han er i.
Les heile saka i papirutgåva