Helge Risanger er ikkje imponert over korleis Skjold løyste trenarspørsmålet og håper klubben nå ryddar opp, og kjem seg vidare.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Helge Risanger er ikkje imponert over korleis Skjold løyste trenarspørsmålet og håper klubben nå ryddar opp, og kjem seg vidare.

Trenarbråket i Skjold: – Stor ryddejobb

Helge Risanger er ferdig som Skjold-trenar. Det kan han leve med. Spørsmålet er om Skjold på sikt kan leve med fleire slike saker.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Å vere a-lagstrenar i Skjold har aldri vore nokon langvarig affære. Denne gongen skulle Risanger vere trenar i to år, for å få inn kontinuitet. Han skulle bygge opp eit nytt lag med spelarar han kjente godt frå juniorlaget, og skulle lage ein miks saman med veteranane. For å vere på den sikre sida gjekk klubben ut med at målet var å halde seg i 4. divisjon. Med fasiten i hand kan ein slå fast at det var noko av det einaste dei klarte med trenartilsettinga.
– Kven styrer?
For spørsmålet mange stiller seg nå etter pressemeldinga sist veke er kven det er som styrer seniorfotballen i Skjold. Er det ansvarleg for senior og junior, Oddvar Hompland saman med fotballstyret? Er det Kåre Breiteig og hans hovudstyre? Eller er det grupperingar i laget?
– Kven styrer i Skjold, Helge Risanger?
– Som det kom fram i pressemeldinga er det ei gruppe av spelarane som har ytra misnøye med spelestilen og som har fått sentrale personer med på ein diskusjon rundt dette. Eg meiner at styret ikkje har handsama dette på ein god måte, og det står det også svart på kvitt i den nemnte meldinga, at dei nå skal jobbe for at ikkje noko liknande skal skje igjen. For Skjold sin del håper eg dei tar det på alvor, for det er ein ukultur i klubben som dei må ta tak i, elles så kan dette fort skje igjen, seier Risanger.

Les heile saka i papirutgåva.