Etter å ha evaluert fjorårets arrangement er Gerd Jorunn Christensen godt i gang med å planlegge årets.
– Det meste er på plass, men eg må nok på sponsorjakt slik at me får dekka det meste av maten. Heldigvis har me Meny med på laget, men me treng nok eit par tusen til, sa Christensen for ei god veke sidan då ho var gjest hos oss i Tysvær Bygdeblad.
– Dette er eit fantastisk tilbod til ei gruppe menneske me i banken heilt klart vil støtte. Om ein sjekk på tre tusen kan hjelpe, så stiller me opp, sa banksjefen i Haugesund Sparebank, då me fortalte om arrangementet eit par dagar seinare.
Og dermed blei det eit møte mellom den lokale frivilligsjefen og den lokale banksjefen.
Les heile saken i papirutgåva