Ingvild Rørtveit Myklebust er ein av fire nye praktikantar i Nynorsk avissenter frå januar.
Ingvild Rørtveit Myklebust er ein av fire nye praktikantar i Nynorsk avissenter frå januar.

Nynorskpraktikantar frå fire fylke

Stortinget seier ja til vidare drift for Nynorsk avissenter, og praktikantar frå fire fylke er klar for intensiv opplæring i journalistikk på nyåret. «Vår» Ingvild Rørtveit Myklebust er ein av dei.

Ingvild Rørtveit Myklebust (21) kjem frå Nedstrand i Tysvær kommune i Rogaland. Ho er nesten ferdig med bachelorstudiet i statsvitskap ved Universitet i Stavanger, men utset siste halvåret for å lære meir journalistikk. Ingvild har vore frilansar for lokalavisa Tysvær Bygdeblad sidan ho var 15 år. På fritida spelar ho fotball og arbeider med konfirmantar i Randaberg kyrkjelyd. Ho synest det er givande å møte menneske i ulike samanhengar og formidle noko som er viktig og interessant til andre.
Hallgeir Berge (30) frå Strandebarm i Hardanger, busett i Bergen, er eit kjent fjes for mange. Mot alle odds overlevde han ein kollisjon i Gudvangatunnelen i 2003. Ansiktet vart knust, men Hallgeir har kjempa seg tilbake, dokumentert i filmen «Lykkens ansikt». Han har bachelorgrad i filosofi og har studert spansk, portugisisk og engelsk. Hallgeir er spaltist i lokalavisa Hardanger Folkeblad. No vil han lære meir journalistikk og bruke kunnskapen til å tale dei svake si sak.
Tove Elise Thue Dale (30) frå Ålesund har mastergrad i utviklingsstudium frå London. Ho voks opp i Ørsta. Tove Elise har også lært arabisk i Kairo og teke Midtausten-studiar, og ho har budd og arbeidd med base i Dubai der ho var flyvertinne i Emirates Airlines. Sidan april har ho vore heime med bestemor si i Ålesund for å avlaste familien, i tillegg til å jobbe som lærar. Kvar einaste dag ser eg historier eg vil fortelje, lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og eg drøymer om å drive med undersøkande journalistikk, seier Tove Elise.
Åsta Urdal (27) frå Vassenden i Jølster har studert film og fjernsyn med fordjuping i regissering av dokumentarfilm ved Nordisk institutt for scene og studio. Ho har assistert ved ulike produksjonar i NRK, og ho har arbeidd i produksjonsselskapet Monster med å plukke ut kandidatar og drive undersøking til dokumentarserien «Datoen» som vert vist på nyåret. Åsta har lært teknikk, forteljing og produksjon, men ho saknar journalistikken som verktøy for å kunne fortelje dei gode og viktige historiene.
Nynorsk avissenter (NA) vart etablert av avisa Firda i Førde i 2013, som eit nasjonalt prosjekt. NA lærer opp åtte journalistar kvart år – personar med ei anna utdanning i botn. Formålet er å styrkje dei 59 nynorskavisene i Norge som treng fagleg sterke journalistar med høg digital kompetanse.
Opplæringa går over seks månader, med fire månader praksis i Norges største nynorskavis og deretter to månader utplassering i ein sjølvvald redaksjon. Praktikantane får i tillegg over 20 førelesingar om språk, presseetikk og journalistisk metode.
Fram til årsskiftet er NA finansiert med offentlege og private midlar frå fleire kjelder. I statsbudsjettet for 2015 har NA fått eit driftstilskot på 2,2 millionar kroner. Avisa Firda er vertskap og klasserom for avissenteret og stiller opp med 600.000 kroner.
Nynorsk avissenter vert no gjort om til ei stifting, med Firda som stiftar og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) som medstiftarar.