Elin Skogøy (t.v.) og Anna Sigrid Nerheim heldt det raude bandet som ordførar Harald Stakekstad klippa over. Dermed har Tysvær samla viktige tenester under eit felles tildelingskontor.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Elin Skogøy (t.v.) og Anna Sigrid Nerheim heldt det raude bandet som ordførar Harald Stakekstad klippa over. Dermed har Tysvær samla viktige tenester under eit felles tildelingskontor.

Stort sett einige

Politikarane i formannskapet er einige om mykje. Men når det kjem til søre-Tysvær blir det vanskeleg.

16. desember skal kommunestyret vedta budsjettet for neste år. Det kan bli eit budsjett kor alle får litt, og kor dei siste åras sjølvpålagte sparing, nå begynner å vise igjen.
Høgre og Arbeidarpartiet legg fram eit budsjett som viser at det skal satsast i søre-Tysvær, men at ny barnehage og skule ligg langt fram i tid. Dagens tilbod kan me utbygging og oppgradering halde i mange år til.
– Me ser det slik at tilbodet ved Tysværvåg barne- og ungdomsskule er slik at med oppgradering av utstyr og anna inventar, samt betre tilhøve for dei tilsette, vil haldast på eit godt nivå i mange år framover. Når det gjeld barnehagen vil me bygge ut, slik at ein får eit utvida tilbod allereie i neste periode, seier Ola S. Apeland, som la fram budsjettforslaget på vegne av Høgre og Ap.
Det betyr i klartekst at dei to partia legg vekk ny skule i søre-Tysvær i lang tid framover.
– Ikkje me
Det gjer ikkje dei andre partia. Dei vil også pusse opp dagens skule, men ser berre dette som eit ledd i prosessen med å få til ein ny skule. Det same gjeld for barnehagen.
– Me vil ha ny skule og barnehage i denne delen av kommunen. I framtida skal dette vere ein del av kommunen som får stor vekst, og me ser det ikkje teneleg å bygge ut dagens barnehage. Der er det for lite areal utomhus til dette. Difor har me andre alternativ enn det Apeland legg fram, seier Kristine Aurdal i si framlegging.