Onsdag kunne Stakland invitere store og små traktorentusiastar til Aase Landbruk på Frakkagjerd. Ein JCB Fastrac var trekkplasteret.
– Det me ser er at landbruket er i endring, og at krava til den moderne «arbeidshesten» blir stadig større. Det blir færre, men større gardar og då er traktoren sin kapasitet vesentleg. Denne traktoren, som me viser fram denne gongen, er ein moderne og tilpassa traktor, kor det er lagt stor vekt på at den kan kjøre på veg utan å lage lang kø, seier Stakland.
Saman med importør Øystein Baraas frå Lena Maskin AS forklarar Stakland korleis den moderne bonden tenkjer og om nye grupper kjøparar som kjem på banen, når reiskapen blir tilpassa.
– Me ser at det er stor vilje til justeringar i landbruket. Bonden er særs dyktig til å tilpasse seg og gjere grep. Ein kan godt seie at dette er ei moderne yrkesgruppe, som driv i ei tradisjonell næring. Og dei veit kva dei vil ha. HMS er svært viktig i landbruket og dagens moderne traktorar har sjølvsagt alle tenkelege hjelpemiddel og sikkerheitsutstyr, seier Baraas.
– Men me ser også at stadig fleire små entreprenørar går over til traktorar som hovudtransportmiddel, når det blir meir fart og komfort i dei. Dei ferdast mykje langs vegen og då blir faktisk farten eit viktig element, seier Stakland.
Les meir i papirutgåva