Trenarduoen Eivind Espevik og Leiv Askvig håper at både nye og gamle spelarar dukkar opp på treningane i januar.
Foto: Privat
Eivind Espevik og Leiv Askvig klarte «bare 1-1» mot Falkeid hjemme på Nedstrand i kveld.

Satsar på nytt

Nedstrand IL er tilbake på banen med eit a-lag. Inspirert av den nye kunstgrasbanen er dei klar for 7. divisjon.

Trenarduoen Eivind Espevik og Leiv Askvig var spent på om det var interesse for å dra i gang eit a-lag igjen etter eit par magre år. Og responsen let ikkje vente på seg.
– Det er tydeleg at mange klør i beina etter å komme i gang på den nye kunstgrasbanen me har fått. Me hadde eit informasjonsmøte for kort tid sidan og då kom det over 20 spelarar. Eg vil tippe at me er rundt 25 spelarar, som meir eller mindre kan tenkje seg å spele for Nedstrand neste sesong. Og så mange må me vere. I bygda vår er det mange som reiser vekk for å gå på skule og slikt, så me treng ein solid base med spelarar, seier Leiv Askvig.
Nye og gamle
– Kven var det som dukka opp på møtet?
– Det var ei fin blanding av tidlegare spelarar og ein del av unggutane som nå er i 15-16-års alderen. Det er spesielt kjekt at me nå kan gi eit godt tilbod til dei. Eg merka at det skjedde noko i bygda då kunstgrasbanen var ferdig. Eller, for å seie det slikt, det har skjedd noko positivt i bygda etter at me fekk ja til å bygge den. Det var akkurat det idrettslaget trengte og det å kunne ha eit tilbod til dei eldste er også viktig, seier Askvig.

Les meir i papirutgåva