Henrik Elvis Hundsnes song om «Blue christmas» og fekk stor applaus. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Henrik Elvis Hundsnes song om «Blue christmas» og fekk stor applaus. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Skapte god førjulstemning

Tenorane kom, song og forsvann. Tilbake satt dei mange frammøtte med litt ekstra god guts til å ta fatt på siste halvdel av advent. Ein fin blanding av gamalt og nytt, norsk og amerikansk fall i god jord.

Me harfortalt og skrive det før også, men det er noko eige med julesongar og tenorar. Ja, det er bevist dei siste åra gjennom fulle hus og stor stemning i kvar ein konsertkrok av landet vårt.
«Våre» tenorar med Henrik Hundsnes i spissen har nå skapt ein fin adventstradisjon i Tysværtunet. Og med berre eit par ledige stolar, så har tysværbuen, og alle andre, nå skjønt si besøkingstid.
Og julesongane kjem som perler på ei snor. Leikent det eine augeblikk, dønn seriøst det neste. Litt spinkel lyd på nokre av songane kunne trekt meir ned, men dette er karar som har vore på juleturné før og som skjøna alvoret og tok litt ekstra i.
Så er det denne Steffen Horn då. Pianist, songar og ein liten multimusikant der han sit og kosar seg bak flygelet. Eit genitrekk å lokke han med på vegen.
Høgdepunkt?
Tja, Elvis-medleyet var det svung over og det er kjekt å sitte tett på når litt stivpynta tenorar tar av.
I tillegg så kan ein ikkje komme frå dei tradisjonelle julesongane. – Nå kjem han, høyrte med i radene når Horn starta på «O heliga natt». Joda, den held i massevis og det er som om håra på armen reiser seg litt ekstra når dei tar i.

Tenorane og Steffen Horn er blitt ein tradisjon. Og det krev at både publikum og artistane stiller opp. I år var det storsuksess.

Faktaboks

Konsert
Tysværtunet
Storsalen

Skjermbilde 2014-12-07 kl. 20.01.09

Tenorane og Steffen Horn
Henrik Hundsnes – song
Ola Marius Ryan – song
Aasmund Kaldestad – song
Steffen Horn – Piano
Fullt hus
1,30 timar

Julesong
Julen är här
Juletremedley
Believe
Gabriellas sång
Sancta Maria
Nordnorsk Julesalme
Deck the halls
Jing-a-ling, jing- a- ling
Sleigh ride
Jultomten er faktisk död
Nyttårskonsert medley
Elvis christmas medley
Det var ein gong ein julesong
Det lyser i stille grender
Det hev ei rose sprunge
Stille natt
O helga natt
Så ha ei god jul då