Saman med Spar Frakkagjerd har me i haust lokka med flotte gåvekort til tre av dei som har takka ja til å bli abonnentar. Sten Birkeland var ein typisk laussalkjøpar, som nå heller vil ha Bygdebladet i postkassen.
– Eg vil påstå at eg er fast lesar, men har kjøpt stort sett alle avisene her i kassen hos Petter (Mortveit). Men nå slo me til, og det var stas å bli plukka ut som gåvekortvinnar. Eg vinn sjeldan, sjølv om det blir mange lodd på basar og slikt, smilar Birkeland.
Papir og nett
Han er ein ivrig lesar både i papirformatet og på nett.
– Det å få nyhende på nett i helgene, og så kunne sette seg ned og lese heile sakene om torsdagen, er midt i blinken for oss. I tillegg skjer det mykje her i ytre del av kommunen, kor me bur, slik at det alltid vil vere nokon kjende på trykk, seier Birkeland.
– Kva skal du bruke gåvekortet på 5.000 til?
– Me likar godt å samlast rundt bordet i jula, så nå skal me i alle fall ha oss ein skikkeleg julefrukost. Kanskje eg får velje litt, smiler Birkeland.
– For meg har alltid Bygdebladet vore ein del av kvardagen. Derfor er det kjekt å kunne vere med på ein kampanje som dette. Eg trur all blest rundt Tysvær er bra, både for oss i næringslivet, Bygdebladet, men også innbyggarane. Nå før jul er handelen mykje prega av tradisjonar. Det er travelt, men kjekt. Me har varer som mange kjem langt for å kjøpe, så nå blir det lange dagar på oss, smiler Mortveit.
Rasmus Voll frå Liarvåg fekk seg eit gåvekort på 2.000 kroner, medan Vidar Gåsland frå Frakkagjerd kan handle i Spar-butikken for 1.000 kroner. Som nye medlem i abonnementsgjengen i Tysvær Bygdeblad.
Velkommen i «gjengen»
Stadig fleire har skjønt at det lønar seg å vere abonnent i Tysvær Bygdeblad. For Sten Birkeland, Rasmus Voll og Vidar Gåsland blei det ekstra stas nå rett før jul.