Tesla er no på plass med den nye ladestasjonen i Aksdal. Foto: Mona Terjesen
Tesla er no på plass med den nye ladestasjonen i Aksdal. Foto: Mona Terjesen

Ladestasjonen på plass

Den nye store ladestasjonen til Tesla er på plass utanfor Aksdalsenteret.

Av Mona Terjesen

– Tesla har sett på vegstrekninga mellom Bergen og Stavanger og vurdert Aksdal som ein hensiktsmessig stad for ein ladestasjon. Batterikapasiteten på Tesla-bilane er langt større enn på andre El-bilar. Ladinga bygger derfor på ei anna teknologisk løysning, som gjer at bilane ikkje kan bruke «vanlige» el-ladestasjonar, og vise versa. Ei vanlig ladning tar rundt ein halvtime, derfor ønskjer produsenten å ha stasjonen der ein har tilgang på mat, toalett osv, sa teknisk sjef i Tysvær kommune Bjørn Bruaset då søknaden til Tesla blei presentert for politikarane i mai. I august stemte dei for å la bilprodusenten etablere seg i Aksdal.

Avtalen gjeld i første omgang i fem år. Deretter vil ein vurdere om han skal bli forlenga med fem år til. Det kjem an på om ladestasjonen kjem i vegen for anna arealbruk.

– Pr-messig er denne etableringa veldig bra. Men eg fryktar at det kan bli mykje trafikk, kommenterte ordførar Harald Stakkestad (H), under haustmøtet då vedtaket blei gjort.

Den nye ladestasjonen skal romme åtte bilar. Senterleiar Reidar Nordmark ser etableringa som positiv. Han meiner at den kan gi kjøpesenteret auka omsetnad.