Tom Roger Aadland  Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tom Roger Aadland er ute med ei liveplate. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ein spanande rapport

Tom Roger Aadland har funne sin stil og sin måte å fortelje på.

Denne gongen utfordrar han lyttarane litt meir enn vanleg.

Plata «Rapport frå eit grensehotel» kjem om kort tid, og er på mange måtar den gode gamle Aadland med ein litt ny stil.
Eller er det eigentleg det?
Musikalsk leikar han seg litt meir enn på dei stilsikre platene som har sendt han oppover på både sals- og spelelister dei siste åra. Det spriker meir, og det er eit meir komplett lydbilete. Kanskje ikkje på enkeltlåtar, men i den totale musikalske opplevinga «Rapport frå eit grensehotel» er.
Og er ein ikkje heilt klar då ein set CDen i spelaren, så får ein allereie på tittellåta, som er spor ein, eit aldri så lite varsel om at Aadland har tatt eit steg vidare i karrieren.
Så kjem dei som perler på ei snor. Grethe Svendsen korar her og der, Kjetil Steensnæs leikar med gitarane sine, og vokalen til Aadland sjølv virker til å ha hatt ein god sommar i studio.
Det er alltid nokre songar som skil seg ut på ei plate som dette, men det er vanskeleg å finne fram til den «eine».
«Like til mi dør» kan vere ein slik, men det gjeld også «Oppløyst og medtatt». «Alle» var raskt ein song som ein ville høyre om igjen, spesielt på grunn av den gjentakande teksten, som får ein til å tenke seg om både ein og to gonger.
Likevel fell eg ned på avslutningslåta «Farsfolket». Det er både vondt, og på same tid godt, å høyre den spennande teksten. Men det er også svært interessant å høyre korleis bandet, og Aadland, driv gjennom denne songen. Det er musikalsk på eit svært høgt nivå, og tekstane er så meiningsfulle at ein nesten automatisk trykker på replayknappen.
Ein av styrkane til plata er at den også lar seg presentere aleine med ein gitar, slik Aadland ofte gjer. Då kan han endå meir leike seg med melodilinjer og tekstlinjer som er skapt for kvarandre.
Eit anna stort pluss er at han har utnytta det som kanskje er eit av landets beste band akkurat nå, til det nesten perfekte. Det er litt å gå på, men det gjer ikkje noko.
Aadland har sjølv sagt at dette er noko av det mørkaste og skitnaste han har gitt ut til nå. Vel, om du skulle slumpe til å lese dette; plata var i alle fall eit lyspunkt i ein våt, vindfull og mørk januar for underteiknande.

Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

«Rapport frå eit grensehotel»

Skjermbilde 2015-01-14 kl. 08.47.29

Tom Roger Aadland
Embacle Records
2015
11 songar