Når tårene presser på

Å ta imot ros kan vere minst like vanskeleg å takle som det er å ta imot klager og syt. Det får ein mange døme på når ein er tilstades på ei prisoverrekking, slik som ordføraren si nyttårsmottaking er.

I år var me i den situasjonen sjølv. Etter at me har lagt bak oss tiår med oppgang og gode resultat, hadde Tysvær Næringsforum funne fram til oss. I ei tid kor me stadig får skryt, men kor det kanskje ikkje er så lett å ta det til seg. I ein kvardag kor alle meiner noko, er det blitt ein stadig tøffare kamp å vere journalist, redaktør, annonseseljar og utgivar av ei lokalavis. Det er så mykje lettare å male med svart, enn med rosenraudt.
Difor kjente me det litt ekstra der me sat på rad fem i storstova i kulturhuset. Der kor me har vore faste «gjester» på jobb kvart einaste år, og sett verksemder, idrettsfolk og kultureliten få sine fortente prisar. Nå skjønar me litt betre korleis det er å bli sett pris på. Det slår meg likevel kor vanskeleg det er å ta inn over seg skryt. Sjølv om eg merka kor intenst og hjarteleg mange av dei gratulasjonane me fekk, også etterpå, var.
Var det slik også for dei andre som fekk heider og ære? Kanskje var dei også uvanleg blanke i augo og kjende frukosten litt ekstra tung i magen.
For me er rare når det kjem til det å skryte av kvarandre. Men me er endå rarare når det kjem til det å takle denne skryten. Kvifor er det så vanskeleg?
Prisane som blir delt ut under dette flotte arrangementet, som trekker fullt hus i Tysværtunet, blir sett stor pris på. Me har nå snakka med prisvinnarane og alle gjer eit poeng av at det både var uventa og svært så hyggeleg. Det betyr noko, sjølv om det har vanka både Kongepokalar og andre pokalar jamt og trutt. Det blir ei ekstra sterk stadfesting på at «nokon» bryr seg og følgjer med på det ein driv med. Det betyr at Tysvær ikkje gløymer sine kvardagsheltar, som veke etter veke spreier positiv omtale av heimkommunen sin. Om det er på idrettsbanen, som kulturvernarar, eldsjeler eller som verdige vinnarar av «Tysvær-statuetten» etter eit langt liv med Tysvær «på maten».
For oss i Tysvær Bygdeblad betyr ein slik næringslivspris svært mykje. Det er eit teikn på at me på mange måtar har lukkast med nettopp det å vere ei lokalavis for innbyggarane i Tysvær kommune. Me skal ta med oss all ros og glede over prisen og mikse den med innspel, klager og kjeft og lage ei endå betre og meir interessant avis i vårt 40. år i 2015.
Me skal vise dei som har stemt oss fram at me er verdige vinnarar. Og er me litt blankare i augo denne vinteren enn vanleg, så kan eg garantere at det er på grunn av glede.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør