Alle som betalte abonnementsrekninga i fjor kunne vinne eit gåvekort på 15.000 kroner frå «goTo». Og då me var ferdig med ei spennande trekking blant nærare 1600 abonnentar, var det Knut Markhus sitt namn som lyste mot oss.
– Det var jo heilt fantastisk. Og for meg som er så glad i å reise var dette midt i blinken. Nei, nå må eg sette meg ned og sjå på tilboda til «goTo», smiler vinnaren då sjekken blir overrekt i goTo sine nye lokalar på Oasen Storsenter.
Alltid
Mange vil nok kjenne igjen Markhus som ei eldsjel og pådrivar i Tysvær Magic. For han og familien har Tysvær Bygdeblad alltid vore ein viktig del av kvardagen.
– Det kan ein trygt seie. For oss har lokalavisa vore på kjøkkenbordet sidan oppstarten. Sjølv har eg vore abonnent sidan 1994 og det er framleis like stas kvar gong avisa kjem i posten. Det seier eg ikkje fordi eg har vunne, men fordi eg sjølv har kjent på kroppen kor viktig det var med ei lokalavis, då me dreiv med Tysvær Magic. Det å kunne lese lokale saker kvar einaste veke trur eg mange har stor glede av, seier Markhus.
Det aller første abonnementet kom lenge før han etablerte familie i Grinde.
– Ja, det var eit gåveabonnement som eg fekk då eg var i Garden i militæret. Det å få lokalavisa i posten då var stort. Det er då ein lengtar heim og det å kunne halde seg oppdatert var noko eg sette stor pris på. Etter at eg fekk telefonen har eg tenkt ein del på kor mykje avisa betyr for meg, og har komme fram til at det er mykje. Difor er det ekstra stas å kunne ha slik flaks som dette, smiler Knut Markhus og kikkar ned på den store gåvesjekken på 15.000 kroner.
Les heile saka i papiruygåva.