Kristine, Eilin og Mariell i aksjon med saksa. Varaordførar Aurdal kunne etter kvart erklære den nye avdelinga for opna.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kristine, Eilin og Mariell i aksjon med saksa. Varaordførar Aurdal kunne etter kvart erklære den nye avdelinga for opna.

Eit klipp for framtida

Nedstrand barnehage har både fått nytt namn og ny avdeling. Det er vel verd ei feiring.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Det var litt «sus» over det då varaordførar Kristine Aurdal, med svært god hjelp av systrene Eilin og Mariell, klipte det raude bandet som markerte opninga av den nye avdelinga. For med utbygging til snautt sju millionar kroner, har barnehagen i Hinderåvåg fått samla alle ungane og tilsette under eit tak. Og ikkje berre det. Det er plass til fleire.
– Endeleg er alle samla her. For oss er dette ein stor dag, sjølv om me har hatt lov til å bruke avdelinga ei stund nå. Nå er det 55 ungar og 17 vaksne som er her, og barnehagen står fram som praktisk, fin og framtidsretta. Me har fått oss eigen sovesal med nye senger, gode opphaldsrom og ikkje minst fasilitetar for dei tilsette, det set me stor pris på, seier styrar Torbjørg Topnes.

Les heile saka i papirutgåva.