Dagleg leiar Ivar Håland på besøk i sveiseverkstaden til Håland & Karlson. Der går det for det meste i aluminium.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dagleg leiar Ivar Håland på besøk i sveiseverkstaden til Håland & Karlson. Der går det for det meste i aluminium.

Ikkje slik det var tenkt

Det var meininga at Ivar skulle følgje i faren Svein Håland sine sko som dagleg leiar i Håland & Karlson AS. Men det blei ikkje slik dei såg det føre seg.

Verksemda på Frakkagjerd, som har 17 tilsette, opplevde at deira populære leiar gjekk bort i haust. Dermed kom sonen Ivar inn som dagleg leiar i ei verksemd prega av sorg. For i slike verksemder er «alle» inkludert som ein familie.
– Ja, det var veldig spesielt, og slett ikkje slik me hadde tenkt det skulle skje. I verksemda er det familiemedlem som jobbar, men på ein eller anna måte får ein eit samhald, som gjer at me alle kjenner oss som i ein storfamilie. Nå må me bygge vidare på det som gründerane har bygd opp, seier Ivar Håland.
Erfaring
Han kjem inn i verksemda med mykje erfaring frå både Veidekke, Omega og Statoil. I ein marknad kor Håland & Karlson har levert aluminiumsgjerder og portar av høg kvalitet i ei årrekkjer, ser Håland at det er nye tider.
– Eg er glad for at eg har den erfaringa eg har. Nå er det mykje meir prosjekt som er på vent, enn berre for nokre få år sidan. Det er feil å seie det er dårlege tider, men det er meir usikre tider. Me har heldigvis samarbeid med entreprenørar som har mykje å gjere, som til dømes Vassbakk & Stol. I tillegg ser me at det stadig kjem nye krav til sikring av eigedomar, som skular og barnehagar, noko som gir mulegheiter for anbodsrundar på dei områda der me er leiande og har spesialisert oss, seier Håland.

Les heile saka i papirutgåva