Treng me framleis sundag?

Det er med stor undring eg ser kva som er nokre av dagens Regjerings viktige satsings områder. Eg vil nemne to av desse som har stor innverknad på dei fleste sine områder.

Gjennom mange år med forhandlingar, samtaler og likeverdige avtaler, har me fått lovordningar som regulerer forholda i arbeidslivet. Desse lovene og ordningane har ofte vorte resultat av ulike kompromiss der begge parter gir og får. Uansett ueinigheit og avstand, har ein med gjensidig respekt kome fram til resultat. Dersom det har vore nødvendig å regulere eller endre på avtalane, har partane avtalt ordningar for å ta dette opp.
Slik som det kan sjå ut nå, er det viktig å utbasunere sine holdningar, eller mangel på holdningar, i forhold til arbeidstakarane. Av og til kan det oppfattast som det er både mangel på respekt og erfaring som ligger bak. Dersom det skal gjennomførast store endringar, er det total mangel på forhandlingsevne og resultatmål, og sette partane tilsides og trumfe gjennom vedtak politisk. Nye kostar kan ofte gjere ein god jobb, men det er ikkje sikkert at stålkost er best til alt.
Med dette som eit av fleire utgangspunkt, vil eg rette merksemda mot sundagsopne butikkar. I vår tradisjon og kultur har søndagen i alle tider vore den dagen i veka som er ulik dei seks andre. Uansett vår tru eller holdning til vår kristne kulturarv, trenger me som menneskjer tid til anna enn arbeid. Dette har frå skapinga av vore ordna med ein dag som er ulik dei andre. At det alltid har vore yrker der også søndagen må inngå i turnus og jobb, veit me i vårt hus alt om. Me har begge valt yrker der dette er nødvendig. Me har også hatt vår tid som bønder. I vårt samfunn har me over tid lagt opp til ein travel kvardag. For mange blir det lite tid til dei mellommenneskelege treffpunkt og møtepunkt, både i familiar og lag og foreiningar. Prioritering blir eit viktig og sentralt punkt i dette. Kanskje me på nytt skal løfte fram søndagen som me «fredar» til familie og samling i våre menigheter og foreiningar.
I kvardagane våre kan me i dag handle mat og det me trenger frå kl. 07.00 til 23.00 måndag til fredag. I tillegg laurdag fram til 19.00.
For meg blir det vanskeleg å finne ord og uttrykk som viser kva dagens Regjering legger opp til med sitt forslag. Inntil i dag har eg oppfatta at å ta vare på bedrifter (også små) og legge forhold til rette for næring, var ein av grunnpilarane i bl.a. Høyre. Utan at eg har den store kunnskap om å ha tilsette i arbeid, forstår eg at søndagen er den dyraste dagen å ha folk i arbeid. Eller skal dette kompenserast med ei ny uklar arbeidsmiljølov. Siste utveg er vel at eigarane sjølv tar enda et ekstra tak på søndagen. Uansett kva ordning ein vel, blir resultatet ein stor utfordring for næringsdrivande. For dei som har sitt arbeid i denne bransjen, blir heile familiesituasjonen ny og utfordrande. Resultatet må nødvendigvis føra til lengre opningstid, fleire tilsette og kva med innteninga. Tida vår som me vil bruke til det beste for våre nærmaste, blir nå enda meir pressa. Eg trur, at barnebarna i vår familie, vil ha større utbytte av ein søndag i hagen på Heimdal, enn kafé og handel på Amanda. Etter som det ser ut er det berre i blå/blå politiske miljø det er syn for dette, eg håpar me som er opptatt av dette påverkar der me kan og klarer å stoppe dette. Dersom ikkje Regjeringa klarer å oppfatte kva som rører seg i blant folk, er det kanskje andre som bør overta dette arbeidet.

Svein Terje Brekke
Kommunestyrerep. Tysvær KrF