Mange ville ha med seg lunsjkonserten med Tom Roger Aadland. Foto: Mona Terjesen
Mange ville ha med seg lunsjkonserten med Tom Roger Aadland. Foto: Mona TerjesenBilde 1 av 6
IMG_2296
Bilde 2 av 6
IMG_2299
Bilde 3 av 6
IMG_2305
Bilde 4 av 6
IMG_2307
Bilde 5 av 6
IMG_2308
Bilde 6 av 6

Mange ville ha lunsj med Aadland

Det blei fullt hus og god stemning då Bygdebladet og Kulturhuset inviterte til lunsjkonsert. Aadland presenterte songar frå den nye plata.

Nærare 80 personar hadde funne vegen til kafeen på Tysværtunet. Dei fekk høyre rykande ferske songar frå albumet «Rapport frå eit grensehotell» som kjem ut i desse dagar.

Les vår melding av plata her: https://tysver-bygdeblad.no/2015/01/01/ein-spanande-rapport/

Konserten var den første i rekka av lunsjkonsertar i samarbeid mellom kulturhiuset og lokalavisa. 20. februar er det Elin Furubotn som kjem.
– Dette var kjekt og eg elskar å komme ut å treffe publikummet mitt. Eg håpar dei som fann vegen kosa seg, sa Aadland.
Og det treng ahn ikkje vere redd for at dei ikkje gjorde. God stemning og mykje blide fjes vitnar om at det å møtast i lunsjen ikkje var nokon dum idé.