Kva skal til for å snu?

Denne veka har det meste av det politiske miljøet på Haugalandet hatt kommunesamanslåing omtrent på maten.

Det har vore tid for diskusjonar, informasjon, og ikkje mist frustrasjon.
Ingen har, eller vil komme med påstanden om at dette kjem til å bli lett. Spørsmåla er korleis ein i framtida ser for seg kommunestrukturen på Haugalandet? Og, ikkje minst, kven skal etter kvart få lov til å meine noko om dette?
Då me i veke 43 i fjor spurte innbyggarane i Tysvær kva dei meinte sa 51 prosent at dei vil at Tysvær skal vere ein eigen kommune, også framtida. Av dei 49 prosent som ikkje meinte det, var konklusjonen klar for over halvparten av dei: Bokn er einaste alternativ.
Også fleire lokalpolitikarar frå forskjellige parti har, både offentleg og direkte til oss, sagt at Bokn er det beste alternativet. Ordførar Harald Stakkestad er ein av dei. At Bokn tidlegare, etter ei folkerøysting, har avvist ei samanslåing med Tysvær, viser at ein må gå fram på folket sine premissar om ein vil lukkast.
– Kva er det tysværbuen vil?
– Kva er det boknarane vil?
Og ikkje minst:
– Kva skal til for å snu?
Det er lett å sjå den nye kommunen frå Aksdal. Bokn vil ikkje gjere så mykje til eller frå. Tenestetilboda kan lett syast saman og gi eit godt tilbod frå Arsvågen til Førre.
Og det er like lett å sjå skepsisen hos dei som bur i Bokn kommune. Dei fryktar at storebror vil ta, og ikkje gi.
Skal lokalpolitikarane få innbyggarane til å bli trygge og samstemte i ei folkeavstemming, blir punkt ein opne dører, klar tale og ein felles respekt for kvarandre. Det kan bli vanskeleg, og det kan bli den litle tuva som veltar det store lasset. For det å vere storebror er av og til vanskeleg. Eg er ikkje alltid imponert når eg ser andre storebrør uttale seg politisk på Haugalandet. Verken Karmøy eller Haugesund har til nå imponert når det gjeld kommunikasjon.
Så for å konkludere og å svare på spørsmålet i tittelen, vil eg foreslå at lokalpolitikarane først og fremst finn ut kva folk vil, og ikkje prøve å få folk til å godta det politikarane vil.
Frasene om at eit stort og samla Haugaland blir så fantastisk i framtida, er det få som trur på i dag. Veljarane må overbevisast. Det er ein jobb som må starte nå.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør