Nokre av dei lokale tilsette som har komme til siste året: Frå venstre er Gjermund Waage, Øystein Nilsen, Svein Tore Jensen, Stian Hoen, Sissel Bådsvik og Claudio Saavedra. Bak står Jan Wiggo Øfelt, Ole Helvik og Ellen Kvinnesland. Det er også ein del polske arbeidarar på prosjektet, gjennom søsterselskapet til Kaefer, «Global Work».

– Høyrtest ut som rakettar

Kai Håstø opplevde alle bønder sitt mareritt då fjøset hans brann ned førre veke. Nå må han flytte drifta si til Bokn.

Av Mona Terjesen

Det verserte i alle media torsdag førre veke, då fjøset til bonden på Gismarvik stod i full fyr. Me besøker han dagen derpå. Regnet ligg i lufta, og ein framleis kjenne noko av den svidde lukta ved det sterkt forbrente fjøset.
– Me kan ikkje bygge det opp igjen, fordi nye krav ikkje tillet det. Dessutan hadde berre fjøset ti år igjen. Det blei bygd i 1976. Men me har en gard på Bokn også, der skal me flytte dyra etter kvart, fortel Kai.
40 kyr, kalvar og sauer måtte bergast frå flammane torsdag formiddag. Den unge bonden, som driv saman med faren sin, fekk hjelp av ein nabo til å få dyra ut av fjøset.
– Etterpå blei dei henta av Nortura og frakta til andre gardar, så nå er nokre på Bjoa, nokre i Etne og nokre i Tysværvåg, fortel Kai – som er glad og letta for at alle dyra klarte seg.
– Alt i alt så gjekk det jo så bra som det kunne gå, nikkar han.

Les heile saka i papirutgåva.