Kristoffer Askeland skåra for Stegaberg. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Kristoffer Askeland skåra for Stegaberg. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Stegaberg opna med uavgjort

Stegaberg a-lag har slitt med liten stall denne vinteren. Difor er dei ikkje med i vintercupen. Tordag var det sesongopning då dei spelte 2-2 mot Hemmingstad i ein treningskamp.

Kampen blei spelt på Frakkagjerd og for heimelaget skåra Kristoffer Askeland og Vemund Eskevik.
For Hemmingstad skåra: Guney Ajdin (2)