Melvin White og Hege Øvrebø kunne feire at Tysvær Brass og Øvrebø begge gjekk til topps i 4. divisjon.
Melvin White og Hege Øvrebø kunne feire at Tysvær Brass og Øvrebø begge gjekk til topps i 4. divisjon.

Solistvinnar frå Straumen

Hege Øvrebø gjekk heilt til topps i solistkonkurransen i 4. divisjon under Brass NM i Bergen. – Eg er heilt mållaus, seier Øvrebø etter sigeren.

Då resultata vart kjent fekk me etterkvart tak i 21-åringen, som studerar sosiologi på University of Manchester på Facebook.
– Gratulerer.
– Heisann og Tusen takk! Eg er egentlig veldig målløs, men utrolig stolt over alle samen! Så kjekt å være fra Tysvær og spesielt fra Tysvær Brass når me kan prestera sånn som me har gjort i dag! Kvar gong eg er heime går eg alltid på øving med Tysvær Brass og stiller alltid opp når eg kan. Det er jo hjartekorpset mitt, skriv Øvrebø.

Les også: https://tysver-bygdeblad.no/2015/02/07/ventar-spent-pa-resultatet/